LITTKRIT TOTUSEN&9

Stilleståande

08/07/2009 · Kommenter innlegget

Lufta er varm på ein ubehageleg måte, trykkande, innestengt. Han sit i stolen sin som vanleg, knaskar nøtter, golvteppet er feitt og nøtteskala ligg over alt. Han ser bort på sin kone. Han tenker at ho er like vakker som første dagen dei møttest. Auga hennes er trøtte, men dei smiler oppmuntrande når han ser på ho. – Det er for tidelig, seier ho stilt. Han  nikkar bekreftande, rekker ut hande for å stryke hennes, men den er ikkje der, treff berre det nedslitne skinnet på den gamle stolen.

 

 

Han sleper seg over golvet, orker ikkje å løfte beina for kvart steg. Kjøkkenet lukter surt, han orker ikkje å vaske, eller gå ut med bosset, influensaen har vart lenge. – Burde du ikkje vaske litt snart, spør han forsiktig. Men det er inga respons. Ho har vel ilt i ryggen igjen, tenker han. Med tunge steg går han ut på soverommet, legg seg på senga, på høgre sida, hans faste side. Det kvite dynetrekket med blomstermønster har fått ein skitten gulfarge. Han ser bort på sin kones side, dyna er bretta fint og ligg perfekt over senga, sengtøyet har ikkje ein einaste flekk. – Kjem du og legger deg snart, spør han høgt.

 

 

- Det var fortidelig, han seier det lågt for seg sjølv og til henne. Han sit på huk, fører henda over kald stein. Trekk inn dufta av nyplanta blomar. Han legg seg på ryggen, legg armane i kryss over brystet og held pusten. – Kom, han høyrer ei stemme over seg, han opnar auga og fyller lungene med luft. Han tar tak i den tynne, kalde handa som er strekt mot han. – kom, nå drar vi heim, seier ho, og han fletter fingrane sine inn i lufta.

 

 

Det summer i øyra, kanskje ikkje så mykje summing som ein skarp evigvarandes tone. Ho ser på han med eit tomt blikk, stirer. Han prøver å kome seg laus, røre ved ho, kjenne blodet pumpe under den tynne, varme huda. Dører vert røska opp, kroppar dratt ut. Det verker i musklar og bein, tre krasj i ein smell, tenker han. Metall mot metall, kropp mot bil, organ mot kropp.  – Punktert lunge, informerer doktoren.

 

 

- Den er vasstett, heilt ned til 10 meter. Han venter på ein reaksjon, men når den ikkje kjem fortsetter han uoppmuntra å snakke om arveklokka. – Eg fekk den då eg var 10 år og den virke enda, seier han stolt. – Du elskar klokka di høgare enn meg, ho seiar det som om det er ein rein observasjon, seier høgt det som alle veit er opplagt. Han opnar låsen på klokka si og setter den på handleddet hennes. – Takk.

 

 

- Kva gjer du her,  dette er min plass. Den mørkhåra jenta snur seg mot han og ser så uskyldig ut som mulig. Han gjentar seg sjølv, ikkje fullt så irritert. – Eg ser ikkje noko namn her, så kanskje dette er min plass, seier ho smilande. – Ditt namn står heller ikkje her. Ho skunder seg å ta opp ein blyant og skriv med store bokstaver namnet sitt. – Nå gjer det. Han traskar sint vekk. – Jenter, mumlar han surt, mens han memorerer namnet.

 

 

- Linda Marie Kirketeig -

Kategoriar: 1

Takker og Bukker

03/07/2009 · Éin kommentar

Dette har vore ein fantastisk opplevelse! Eg vil takke alle som har hatt ein finger med i spelet når det gjeld dette kurset, spesielt Petter som har komt løpande når vi har ringt og selfølgelig Ingelin som har vore ein eksepsjonell lærar. TUSEN TAKK!

-Linda

Kategoriar: 1

kvar vart det av tida?

02/07/2009 · Kommenter innlegget

Då var dag 2 slutt..tida går altfor fort! Eg har nettopp blitt ferdig med å lese dei andre sine tekstar, og dei er gode! Men nå skal eg berre nyte kvelden og kankje vert da litt fotball og sittande volleyball i kveld også.

Elles så er eg nesten ferdig med teksten min, trur eg. Skal la den ligge litt i bakhovudet å godgjere seg.

Kategoriar: 1

Gym, historier og kjærleik

01/07/2009 · Kommenter innlegget

Etter litt “gym” på tunet, persenterte vi oss sjølve. Men detter var ingenting å vere nervøse for vart vi forsikra av Ingelin, og viss vi følte at vi ikkje hadde noko interissant å fortelja så var det berre å dikte opp så mykje vi ville. Noko eg vil påstå at Ingelin var flinkast til.

Etter mange merklig og utroleg morosame historier byrja alvoret. For at vi skulle vere så frie som muleg, men utan å fly vekk fikk vi berre eit tema å skrive om, detter temaet vart då: KJÆRLEIK. Først var det berre å forme ein idè som vi skulle dele med gruppa slik at alle kunne hjelpe alle med å forme den idèen til noko meir. Idèen min vart slik:

Lufta er varm på ein ubehageleg måte, trykkande, innestengt. Han sit i stolen sin som vanleg, knaskar nøtter, golvteppet er feitt og nøtteskala ligg over alt. Han ser bort på sin kone. Han tenker at ho er like vakker som første dagen dei møttest. Auga hennes er trøtte, men dei smiler oppmuntrande når han ser på ho. – Det er for tidelig, seier ho stilt. Han  nikkar bekreftande, rekker ut hande for å stryke hennes, men den er ikkje der, treff berre det nedslitne skinnet på den gamle stolen.

Kategoriar: 1 · LITTKRIT