Bård Drange
Ho ser på han! Hjartet slår raskare. Han klør seg på låret. Får ikkje armane i ein komfortabel posisjon. Ser fort opp på ho, men slår blikket raskt ned att. Dei brune auga ser sjenert bort på han. Han dibbar med beina. Ser bort på ho att. Ho har brunt krøllete hår. Den raud- og kvitprikkete kjolen når nesten til knea. Bare sommarbrune leggar endar i små og søte føter. Klør seg på låret att. Berre ho ikkje ser myggstikket. Han ser ned på den stygge flekken. Jenter likar ikkje slikt. Og i alle fall ikkje kleggstikket på høgreleggen! Han skundar og drar sokken opp akkurat slik at den skjuler det. Puh. Plutseleg kjenner han noko under kneet. Armen lirkar seg mellom lår og legg. Endå eit myggstikk. Kvifor måtte myggen akkurat stikka der? Det klør konstant. Han løfter foten så leggen knekar mot stikket.
- Så hva du driver med da, Martin? spør ei velkledd eldre dame før ho elegant legg den eine foten over den andre og kikar overlegent bort på han. Stille.
- Martin? Kva driv du med? spør mora. Lise spør deg om noko! Ho ser skarpt på han. Han ser forfjamsa opp. Kva? Kor?
- Martin, då. Det er uhøfleg! Skjerp deg!
Han ser bort på henne med to blå fiol-farga auge. Fort ser ho på mora. Vender heile hovudet og kroppen. Ho ser fort bort på han, medan ho vender kroppen tilbake. Ho knekar føtene mot kvarandre. Kjenner den tjukke huda på storetærne møtest. Skrapar neglene mot kvarandre. Ser ned på kjolen sin. Rettar litt på ho. Dreg ho lenger ned på høgresida. Kikar opp på Martin att. Han ser ned. Ho ser på han heilt til han brått vender andletet oppover, og ho flytter blikket til mora att. Prøver å høyre etter på kva ho seier.
- Jeg kommer østfra, og Ivar er sørfra. Stine fikk vi da vi studerte. Vi har nettopp flyttet fra en liten, koselig plass ikke langt fra barndomshjemmet mitt med det koselige navnet… Snakkinga går i eitt med summinga inni hovudet. Ho fiklar med kjolekanten ved kneet. Trekk det litt lenger ned før ho fort legg armane folda i fanget. Blunkar ein augneblink lenger enn vanleg før ho pustar ut og ser ut vindauget bort på ein bratt fjellskrent på andre sida av dalen.
Frå vindauget mitt kan eg sjå dei steile dalsidene kika uoppnåeleg og majestetisk ned på meg. Det vesle trehuset til mor mi og eg ligg rett ved foten av fjellet. Sjølv om fjellsidene er trelause, er dalen frodig med mange bjørketrer. Kva morgon bles det ein bris som får bjørketreet ute i hagen til å vaia varsamt fram og tilbake. Heilt frå eg var liten, så langt eg kan hugsa, har eg alltid pleidd å leika i dette treet. Ein gong for eit par år sidan sette eg ein liten planke mellom to av greinene. Eg kunne sitja der i timevis. Det hender framleis at eg gjer det. Ofte er det her eg sit når eg ser på nabojenta Stine. Ho har brunt krøllete hår, brune auge. Ikkje for høg, ikkje for tynn eller tjukk. Ho har eit vedunderleg andlet. Ofte, når eg går langs grusvegen til skulen, et frukost, eller berre tenkjer, ser eg det sprudlande andletet føre meg.
Kvar søndag morgon sit eg på den kvite benken heilt i den sørlege delen av hagen og et frukost. Det er her blomane er finast. Eg plar plukka ein bukett og setja på stovebordet kvar dag. Fiolane er finast. Difor tek eg berre ein kvar dag. I dag legg eg ein i lomma. Eg leitar fram kikkerten frå eit holrom langt inne i det stikkete buskaset. Stillar han inn, og ser mot det vesle trehuset til Martin. Stundom sit han i dette treet sitt. Eg kan skimta han gjennom bjørkelauvet i dag og. Kva er det han held på med? Tippar han tenkjer over kor vedunderleg denne dagen er. Eller kor vakkert og stort det grøne treet er. Kanskje han tenkjer over kva for veg han skal jogga denne søndagen. Etter kvart ser eg han knyta tre dobbeltknutar på joggeskoa, ser han joggar sakte forbi huset mitt. Han kostar på seg eit kort smil, og fortset utan å ensa korleis eg snur meg etter han. Når han kjem utanføre synsfeltet mitt, spring eg opp i andre etasje. Då byrjar han å springa fortare. Kvar einaste laurdag tar han same ruta. Av og til spring han motsett veg. I sjuogtjue minutt sit eg og ser på korleis beina hoppar over dammar i grusvegen, korleis han bytter side på traktorvegen nedom fjellet. Han stoppar bortmed bekken på andre sida av dalen og drikk. Han bruker 1 minutt meir enn førre gong. Tippar det er fordi tanta ikkje kom bortom med brødskalkane til frukost.
Dei lange lissene på joggeskoa må knytast med tre dobbeltknutar. Eg joggar sakte ut på grusvegen. Ser korleis ho sit der og et av brødskiva. Løfter mjølka med venstrearmen og bruker den høgre til å ta ein bit av leverposteiskiva. Ho legg det eine beinet oppå det andre. Snur hovudet ein tanke vekk frå meg. Som om ho hatar meg og ikkje vil sjå på meg. Eg ser ned. Prøver å jogga elegant. Ikkje for fort. Føler eg mister balansen av å mysa bort mot den kvite benken samstundes som eg roleg unngår alle dammar. Ho ser bort på meg!
- Hei, seier eg så berre den næraste sauen hører den pipete helsinga. Varsamt foretar eg ein horisontal utviding av munnen. Føler kor falsk det må sjå ut. Daglegdags, heilt tilfeldig må det i alle høve ikkje ha vorte oppfatta. Ho ser dumt på meg. Eg klør meg på myggstikket på armen. Drar shortsen litt lenger ned, prøver å skjula det opphovna kleggstikket på kneet.
Eg tar i det uthola handtaket på den kvite grinda, lukkar ho att og går mot fjellet. Ved sida av potetåkrane bøyer eg meg ned og plukkar nokre smørblomar. Martin plar alltid plukka dei. Engsoleier er eit mykje vakrare namn. Eg tar opp fiolen frå lomma og ser korleis fargane utfyller kvarandre. Eg grip tak i nokre engsoleier og kastar dei opp i veret. Prøver å få dei til å fly. Som fuglen. Eg ser utover åkrane. Snur meg og ser mor og far eta frukost i hagen. Går med bestemte skritt. Føler på meg at vinden er sterkare i dag. No er det trass alt siste gongen eg går her. Eller er det det? Eg skal flytta nordover. Byrja på ny skule. Stien framføre meg opp Smalabakken er uføre. Eg tenkjer med meg sjølv korleis eg heile tida skal fokusera på neste skritt, halda fast i berget der det trengst. Ser for meg kor glad eg er når eg kjem ned att. Kanskje også Martin ser meg. Eg vonar det. Kanskje han ser at også eg er sporty. Eg tippar han likar spreke jenter. I dag skal eg gå på besøk til han. Skal helsa på mora og spør etter han. Eg skal tilfeldigvis fortelja om korleis stoda er på Sildranuten i dag. Han vil verta nyfiken.
Nabogarden er grøn og stor. Hovudhuset kunne lege i Beverly Hills. Eg finn fram kikkerten eg har i boksen mellom steinane på side av der fossen renn. Ho går over tunet. Dei brune krøllene lukkar grinda etter seg og går mot fjellet. I tjuetre minutt sit eg på ein av steinane og ser ho snirkla seg oppetter. Ho tek pause på ei lita hylle halvvegs oppe i fjellet. Ho går utpå kanten og ser utover dalen. Ser sikkert etter huset, eller hunden. Eg skulle ynskja ho såg etter meg.
Eg kjenner fiolen kila meg i hendene. Tek opp kikkerten. Glimtvis får eg eit skarpt bilete av den sildrande fossen og dei glatte steinane. Han bøyer seg ned, lagar eit fat ut av hendene, og drikk. Eg prøver å zooma litt nærmare. Eg tek to skritt framover. Legg olbogane på det spinkle tregjerdet. Rett nedanfor er det rett ned. Eg tar eit sveip innom huset mitt før eg vender det tilbake til fossen og Martin. Hadde han berre vendt auga mot meg. Sett på meg. Eg legg frå meg kikkerten i berglomma, legg fiolen i lomma og fortset. Snart skal han få sjå.
Ho byrjar å gå att, byrjar på siste halvdel. Eg reiser meg fort opp og byrjar på heimvegen. Held eit høgt tempo. Klarer eg berre å koma heim før ho forsvinn der fjell og himmel møtest! Eg har ca tjuefem minutt på meg. Eg spurtar siste stykket. Svingar armane fram og tilbake av full styrke, tvingar beina til å bevega seg litt fortare. Slakkar av ti meter før treet. Svingar meg opp i det, finn kikkerten og får akkurat eit glimt av ho før ho elegant rundar toppen av fjellet og forsvinn bak.
Eg føler meg fri som fuglen når eg kjem ned på bakken etter turen ned Smalabakken. Eg spring forbi potetåkrane, rekker ikkje plukka engsoleier. Spring over grusvegen, hoppar over gjerdet der det er på det lågaste og går inn i hagen.
- Nei så sprek du er, jenta mi, seier far. – Tenk at eg… Han fortset å leggja ut. Resten høyrer eg som mumling frå hagen. Eg spring i dusjen. Når eg kjem ut, held far forsett på å tala om meg, no snakkar han til mamma.
- Eg lovar deg, ho har den fjellentusiasmen etter far min som… Nei der er du, Stinemor! Eg fortalde nett mor di om kor…
- Snakkast.
Stine spring unormalt fort i dag. Eg sit i treet og stirar gjennom bjørkelauvet. Ser korleis far og mor hennar ikkje heilt når fram til ho. Ho spring ut att. Ut på grusvegen, og inn her! Kva er det ho gjer? Eg byrjar å dibba med foten. Tar tak i greiner med begge armane. Kikar meg i alle retningar. Kvar er mor? Eg må ned herfrå. Brått reiser eg meg og snur meg samstundes. Eg har aldri klart å gjera to ting på ein gong. Hendene klarer ikkje å reagera. Hovudet landar rett på den tjukkaste greina. Nasen vert trykt inn i andletet. Eg tar tak med begge armar kring greina og klarer å halda meg fast. Leppa fekk seg ein trøkk. Eg kjenner korleis ho veks medan eg heng der. Eg ser ut som ei einaste leppe med andlet. Plis, mamma. Eg ber deg. Ver så snill. Ikkje la Stine koma endå! For ein gongs skuld, ver i det pratsame hjørnet…
- Er Martin inne? Eg lurte litt på denne leksa me fekk her om dagen, seier eg.
- Jo, da. Han sit vel i treet sitt, tenkjer eg. Det gjer han nok, seier ho sakte. – Kunnskapens tre, kallar eg det i blant, smiler ho og klukkler lågt for seg sjølv. – Men lekser på ein sundag? Er det kunnskapsløftet? spør ho og humrar. – Og jo, han kan sikkert hjelpa deg med både eit og hint han. Ho smiler moderleg.
- Sikkert, svarer eg kjapt. Fine blomar, Else, seier eg fløyelsmjukt. Eg smett unna før ho får summa seg.
- Hei, Martin! Ho går fort i mot meg. Eg rygger instinktivt. Klør meg på myggstikket på armen. Lener meg inntil treet med venstrehanda. Skal til å dra høgrearmen over trynet for å finna ut om det blør. Slår tanken frå meg, det vil smøra det utover. Ikkje la det vera blod! Tenk kor klossete ho vil tenkja eg er. Og så vil ho spør korleis det hende! Eg bøyer hovudet, pustar langsamt ut. Ikkje blod. Plis.
- Så kjekt.. eh … fin kjole, seier og ser ned. Ho har den raude- og kvitprikkete kjolen. Dei brune, bare leggane beveger seg litt fram og tilbake før dei slår seg til ro litt frå kvarandre. Ho hadde den i går også. – Hennes og Mauritz? dett det plutseleg ut av meg. Eg spurtar gjennom alle moglege måtar å ro seg i land. Plar ikkje jenter spør kor det er kjøpt? Føler hovudet koka. Sjølvsagt gjer dei ikkje det! Eg angrar. Det hjelper ikkje. Klør meg på myggstikket. Håpar ho ikkje ser kleggstikket på foten. Korleis kunne eg seia noko slikt? Einaste butikken eg kan namnet på, seier eg unnskyldande inni hovudet. Nei. Ikkje slik!
Han snakkar. Verkar som om han ikkje står heilt støtt. Han raudnar. Eg ser han djupt inn i auga. Auga er som fiolar. Så snakkar han att. Høyrer ikkje kva han seier. Ser den sprukne leppa hans. Macho. Ser dei vare og vakre auga. Eg tek eit skritt nærare. Martin svarer med å lena seg bakover, og ser ut til å falla. Han veiftar med armane. No står han støtt att.
- Kva vil du gjera? spør eg lågt, medan eg studerer leggane hennar. Ser oppover kjolen, ser auga.. Ho ser på meg! Eg slår ned blikket att.
- Me kunne jo sete oss oppe i treet, kanskje?
- Joda, seier eg lågt.
- Berre gi meg ein liten dytt, seier ho kort.
- Meine du.. dytta, liksom?
- Ja, smiler ho.
Eg tek tak rundt ho. Føler det tynne stoffet mot hendene. Eg gir ein liten puff. Slepp fort.
Bjørkelauvet duvar sakte, og eit svakt vindpust omgir oss. Dei lysegrøne blada hindrar utsikt. Dei blå fiolane går så godt saman med grønt. Eg gløymde den heime. Søren.
- Eg var på Sildranuten i dag, seier eg. Prøver å verka daglegdags. – Var berre eg og eit ektepar som var der i dag. Det bles ein del der oppe. Martin sit stille, seier ingen ting. Ser seg om. Ser han meg? Eg prøver å smila mot han. – Har du vore der i det siste, eller? Han seier framleis ingen ting, klør seg på armen. – Martin?
Eg klyp meg sjølv i armen. Draumar eg? Klyp meg i armen nok ein gong, på myggstikket for sikkerheitsskuld. Eg ser fort bort på ho. Føler meg svimmel. Alt vert grønt. Eg strekk ut ein arm, nedetter greina. Eg møter noko varmt. Det tar rundt meg. Fører meg. Legg handa mi på kjolen hennar. Eg ser nervøst opp på ho. Ho talar. Seier noko til meg. Eg høyrer namnet mitt.
- Hæ?
- Martin, seier ho. Eg ser på ho. Håret hennar blafrar i vinden, og ho tek det vekk med høgre hand. Ho ser varmt på meg. Eg ser på ho. Ho lener seg sakte mot meg. Det raslar i blada. Ho klemmer venstrehanda mi med dei gode mjuke hendene sine. Høgrehanda legg seg på skuldra mi. Varsamt fører ho høgrehanda mi rundt livet hennar. Eg ser ho i auga. Ser dei brune auga sjå oppetter armane mine, før dei møter blikket mitt. Dei roar seg ned.
Inni si eige grøne boble rører dei kvarandre varsamt med hendene. Kjenne korleis kroppane sakte, men sikkert vert van med kvarandre. Kjenner ilinga nedetter ryggen når armane flyttar seg til dei nakne skuldrene. Stryk kvarandre ømt. Ser kvarandre i auga. Smiler sjenert. Utan å merka det er dei mest heilt oppi kvarandre. Hendene beveger seg varsamt frå skuldrene opp til hovudet. Lukkar auga. Kjenner fingrane gli gjennom håret. Høyrer hjartet slå. Lukter lukta av kvarandre. Kjenner hovudet gli mot kvarandre. Varsamt opnar dei auga. Ser korleis auga strålar mot kvarandre, korleis blikka forsvinn innover. Innover. Ein augneblink står verda stille.
3 svar so far ↓
sitrus92 // 06/07/2009 kl. 21:31 |
Elsker sluttsetningen! Den var bare utrolig pen:) Ellers likte jeg det godt sånn som det ble til slutt, uten det med at hun ble skada. Ikke at det var dårlig med, men det ble minst like bra uten syns jeg.
Ellers er humoren og beskrivelsene herlig…bra jobba:D
Maria Ljung // 15/07/2009 kl. 15:32 |
Så flink du e Bård! Stolt av deg!
Ju1ies // 16/07/2009 kl. 18:28 |
Denne har du jammen fiksa møkje på, og det blei også møkje bedre, meir ekte, meir nært, uten all volden. Joda, det blei litt romantisk, men ka so, romantikk er jo greit, og vi har alle drømmer og det kan det være nokså kjekt å skrive om.
Stå på, kanskje blir det to hvidt forskjellige forfattere ut av det brødreskapet i familien din